norwegiantravelcluster.no →
← Kurs og arrangement

Tilgjengelegheit som konkurransekraft – trinn for trinn mot meir tilgjengelegheit (2/4)

11. november 2026, kl. 10:00–11:00 · Microsoft Teams

  • Påmeldingen er stengt
  • 11. november 2026, kl. 10:00–11:00
  • Microsoft Teams
  • 2 000 kr per deltaker 2 000 kr per deltaker
  • Påmeldingsfrist: 10. november 2026

Du veit at tilgjengelegheit er viktig. Men kvar startar du, og korleis prioriterer du når ressursane er avgrensa?

Dette kurset gir deg ein praktisk guide til korleis di bedrift eller ditt reisemål kan jobbe systematisk med tilgjengelegheit – frå kartlegging og tilpassing av produkt og infrastruktur til opplæring av tilsette og samarbeid langs verdikjeda. Vi går gjennom konkrete verktøy, sjekklister og eksempel frå reiselivet, og du får eit godt utgangspunkt for å starte arbeidet med ein eigen trinn-for-trinn-guide.

Program:
10:00 – Velkommen
10:05 – Små tiltak, stor forskjell: kvar startar du? (Sunnaasstiftelsen)
10:20 – Slik lagar de ein trinn-for-trinn-guide for organisasjonen dykkar (INKLU)
10:45 – Praktisk oppgåve (INKLU)

Kurset er utvikla i samarbeid med INKLU Beitostølen og Sunnaasstiftelsen.

Passar for: bedrifter og destinasjonar som vil kome i gang eller ta arbeidet sitt vidare til neste nivå.

Dette kurset er ein del av Tilgjengelegheit som konkurransekraft – ein kursserie utvikla under AccessNorway-satsinga til Norwegian Travel Cluster. Målet er at norsk reiseliv og lokalsamfunn skal ta ut det store moglegheitsrommet som ligg i tilgjengeleg reiseliv. Du kan melde deg på eitt kurs eller heile serien – kvart kurs står på eigne bein.

Bedrifter som er medlemmer i eit destinasjonsselskap som er eigar av Norwegian Travel Cluster, får 75 % rabatt ved bruk av rabattkode. Ta kontakt med ditt destinasjonsselskap for å få koden.

Påmeldingsskjema

Påmeldingen er stengt

Påmeldingsfristen gikk ut 10. november 2026 kl. 10:00. Ta kontakt på post@norwegiantravelcluster.no om du likevel ønsker å delta.