- Åpen for påmelding
- 25. november 2026, kl. 10:00–11:00
- Microsoft Teams
- 2 000 kr per deltaker 2 000 kr per deltaker
- Påmeldingsfrist: 25. november 2026
Det er éin ting å ha tilgjengelege fasilitetar. Det er noko anna å vere eit godt vertskap for gjester med ulike behov.
Dette kurset set søkjelyset på møtet mellom gjest og tilsett – og kva som avgjer om ulike gjester med ulike behov føler seg sette, ivaretekne og velkomne. Vi går gjennom konkrete tiltak i møtet med gjesten, og korleis du byggjer kunnskapen inn i opplæring og rutinar i bedrifta – slik at alle gjester vert møtte med kunnskap og respekt, uansett kven som er på jobb.
Program:
10:00 – Velkommen og intro (NTC)
10:05 – Konkrete tiltak som gjer deg til eit godt vertskap for alle (Sunnaasstiftelsen)
10:30 – Slik byggjer du opplæringa inn i systema i bedrifta (INKLU)
10:45 – Praktisk oppgåve (Sunnaasstiftelsen)
Kurset er utvikla i samarbeid med INKLU Beitostølen og Sunnaasstiftelsen.
Passar for: alle tilsette med gjestekontakt – resepsjon, servering, aktivitetsguiding, transport og leiing.
Dette kurset er ein del av Tilgjengelegheit som konkurransekraft – ein kursserie utvikla under AccessNorway-satsinga til Norwegian Travel Cluster. Målet er at norsk reiseliv og lokalsamfunn skal ta ut det store moglegheitsrommet som ligg i tilgjengeleg reiseliv. Du kan melde deg på eitt kurs eller heile serien – kvart kurs står på eigne bein.
Bedrifter som er medlemmer i eit destinasjonsselskap som er eigar av Norwegian Travel Cluster, får 75 % rabatt ved bruk av rabattkode. Ta kontakt med ditt destinasjonsselskap for å få koden.