norwegiantravelcluster.no →
← Kurs og arrangement

Tilgjengelegheit som konkurransekraft – tilgjengelegheit i digitale flater (3/4)

18. november 2026, kl. 10:00–11:00 · Microsoft Teams

  • Åpen for påmelding
  • 18. november 2026, kl. 10:00–11:00
  • Microsoft Teams
  • 2 000 kr per deltaker 2 000 kr per deltaker
  • Påmeldingsfrist: 17. november 2026

Mange bedrifter gjer meir enn dei fortel om. Andre lovar meir enn dei kan halde. Begge delar svekkjer tilliten – og tilliten er avgjerande for gjester med særlege behov.

Dette kurset handlar om korleis du kommuniserer tilgjengelegheit på ein truverdig, presis og inviterande måte i digitale kanalar: på nettsida di, i sosiale medium, på bookingplattformar og i biletbruk. Du lærer kva informasjon gjestane faktisk treng når dei planlegg ei reise, korleis du unngår klassiske feil – og korleis du lagar ein tilgjengelegheitsguide på nettsida di.

Program:
10:00 – Velkommen og intro (NTC)
10:05 – Kva utfordringar møter ein når ein planlegg ei reise? (Sunnaasstiftelsen)
10:20 – Praktisk innføring i utvikling av tilgjengelegheitsguide på nettsida di – og kva du bør og ikkje bør gjere når du formidlar tilgjengelegheit (INKLU)
10:45 – Praktisk oppgåve (INKLU)

Kurset er utvikla i samarbeid med INKLU Beitostølen og Sunnaasstiftelsen.

Passar for: marknadsførarar, kommunikasjonsansvarlege og alle som produserer innhald for reiselivsbedrifter.

Dette kurset er ein del av Tilgjengelegheit som konkurransekraft – ein kursserie utvikla under AccessNorway-satsinga til Norwegian Travel Cluster. Målet er at norsk reiseliv og lokalsamfunn skal ta ut det store moglegheitsrommet som ligg i tilgjengeleg reiseliv. Du kan melde deg på eitt kurs eller heile serien – kvart kurs står på eigne bein.

Bedrifter som er medlemmer i eit destinasjonsselskap som er eigar av Norwegian Travel Cluster, får 75 % rabatt ved bruk av rabattkode. Ta kontakt med ditt destinasjonsselskap for å få koden.

Gå til påmelding ↓

Påmeldingsskjema

Bedriftsinformasjon *

Søk etter bedriften din i Brønnøysundregisteret. Skriv minst 3 bokstaver for å starte søket.

Ingen bedrifter funnet

Prøv et annet søkeord

Org.nr: ·

Du må velge en bedrift fra Brønnøysundregisteret

Oppgi dersom din bedrift krever en bestemt referanse på fakturaen

Personlig informasjon *

Oppgi koden hvis du har fått en rabattkode for dette kurset

Ved å krysse av godtar jeg at Norwegian Travel Cluster lagrer og behandler mine personopplysninger (navn, e-post, bedriftstilknytning og eventuelle allergier/diettbehov) for administrasjon av kurspåmelding, utsendelse av kursbekreftelse, påminnelser og relevant informasjon om kurset.

Opplysningene oppbevares så lenge det er nødvendig for formålet, og du kan når som helst be om innsyn, retting eller sletting av dine data ved å kontakte oss på post@norwegiantravelcluster.no.

Du må samtykke til behandling av personopplysninger for å melde deg på

Ved å sende inn bekrefter du at informasjonen er korrekt og at du har lest og forstått samtykkeerklæringen ovenfor.