norwegiantravelcluster.no →
← Kurs og arrangement

VertsKommunen 2026

3. november 2026, kl. 08:30–11:00 · Digitalt

  • Påmeldingen er stengt
  • 3. november 2026, kl. 08:30–11:00
  • Digitalt
  • Påmeldingsfrist: 3. november 2026

Korleis blir reiselivet eit gode for lokalsamfunnet?

VertsKommunen er den nasjonale konferansen for det lokale reiselivet – for kommunar og destinasjonsleiingar som vil hente inspirasjon, verktøy og kunnskap frå nasjonale fagmiljø og satsingar på andre reisemål på tvers av landet.

Dette får du med deg:

1. Reiselivets utvikling – og kva det betyr for ditt lokalsamfunn
Kvar står norsk reiseliv i dag, og kvar går det? Me startar med dei store linjene – utviklingstrekk, marknader og prioriteringar framover – og ser på kva dette har å seie for kommunane og lokalsamfunna som er vertskap for gjestene.
Med Audun Pettersen (Innovasjon Norge) og Ole Michael Bjørndal (NHO Reiseliv).

2. Grunnlaget for god reisemålsutvikling
Kva skal til for at kommune, næring og destinasjonsselskap dreg i same retning? Ståle Brandshaug presenterer funn frå ein ny rettleiar for destinasjonsleiing. Me høyrer korleis andre reisemål har organisert arbeidet: Visit Sognefjord om oppfølging av masterplan, Grimstad om ny reiselivsstrategi og Lindesnes om avtalar mellom Visit og kommune – og får eit innblikk i DestinasjonsLøftet og framtidas destinasjonsapparat.

3. Besøksforvaltning og næringsutvikling – to sider av same sak?
Fleire gjester kan gi verdiskaping, men òg press på natur, infrastruktur og lokalsamfunn. Korleis finn ein balansen? Bjørn Åge Jenssen fortel om korleis ein kan jobbe heilskapleg med besøksforvaltning, og kva rolle reiselivsnæringa har i dette arbeidet. Voss herad deler erfaringar frå arbeidet med ny besøksstrategi, og Visit Tromsø fortel om tolevneanalyse og innbyggjarundersøking – og korleis innbyggjarane si stemme kan brukast aktivt i utviklinga.
Med Bjørn Åge Jenssen (Norges nasjonalparkkommuner).

4. Ei eksportsatsing som også skal byggje lokal attraktivitet – korleis lukkast me?
Norsk reiseliv har ambisjonar om å vekse internasjonalt, og næringa treng gode vilkår for å skape lønsame arbeidsplassar heile året. Samstundes må veksten skje innanfor rammer som tek vare på lokalsamfunn, natur og kvalitet – slik at gevinsten òg blir merka lokalt. Me ser på korleis satsingar på lokalmat, tilgjengeleg reiseliv og ny teknologi som KI kan gjere reisemåla meir attraktive – både for gjester og for dei som bur der.
Med Per Arne Tuftin (Norsk Reiseliv).

Konferansen er digital og gratis. Sjå han åleine, eller samle reisemålsleiinga og bruk innspela som startskot for eigne diskusjonar og workshops etterpå.

Konferansen er arrangert av Norwegian Travel Cluster, eit nasjonalt reiselivsnettverk av og for reisemåla som har forplikta seg til ei heilskapleg og berekraftig utvikling av reisemålet i eit langsiktig perspektiv gjennom Merket Berekraftig Reisemål.

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med destinasjonsselskapet ditt, eller med Norwegian Travel Cluster direkte.

Påmeldingsskjema

Påmeldingen er stengt

Kurset er ikke åpent for påmelding. Ta kontakt på post@norwegiantravelcluster.no om du likevel ønsker å delta.